30. sep. 2021

Shine Short Sleeve


Som vanleg på denne tida av året, er det ikkje like enkelt å ta gode bilete sidan det blir mørkare dag for dag. Men den eplegrøne toppen er no heilt ferdig, så ein av dagane fekk eg med meg mannen min ut for å ta bilete av den i dagslys. Oppskrifta er Shine Short Sleeve frå Novemberknits og den er strikka i dobbelt tråd Plum frå Rauma. Eg kjøpte garnet på sal, og sidan eg ville vere sikker på at eg kjøpte nok nøste frå det same fargepartiet, kjøpte eg litt meir enn eg trong. Difor strikka eg erma lengre enn det som stod i oppskrifta slik at toppen blei meir ein genser med trekvart erme enn ei T-skjorte. Halskanten er nedstrikka og erma er i perlestrikk, rett og slett ein nydeleg detalj! Toppen er litt gjennomsiktig, så eg kjem nok til å ha ein singlet eller sports-BH under. Men det gjer meg ingenting, for den er ordentleg fin uansett. Eg har til og med kjøpt eit litt anna garn og ein heilt annan farge for å lage ei T-skjorte etter kvart. Akkurat no er det ein genser til mannen min på pinnane, og så har eg også garn til to andre prosjekt, så me får sjå kva eg kjem til å strikke fyrst ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Du strikker og strikker! Har visst fått ei skikkelig dille - men fint blir det :-)
Og så bra at også mannen skal få noe heimestrikka. Det siste JEG strikka til han var vel sokker da han var liten - med små føtter :-)

Silje sa...

Held meg til genserar enn så lenge, har fått teken på det no og synest det er veldig gøy :D Trur genseren til mannen min kjem til å bli veldig fin, både fargane og garnet er superfint :)

Legg igjen ein fin tanke