10. mai 2020

Arbeidsdagar ute i det fri

Fem heile dagar på jobb i uteavdelinga. Sjølv vil eg seie at det har gått overraskande greitt, men eg gleder meg til me etter kvart kan komme tilbake til meir normale arbeidsoppgåver og -dagar. Nye retningslinjer frå regjeringa blei lagt fram noko tidlegare i veka, så no veit me at me kan byrje å opne svømmehallen i løpet av juni. Vêret har jamt over vore ordentleg vårleg på ein bra måte, så det har vore ganske okei vere ute: klippe gras, gå rundt med lauvblåsar og måle ei brakke på utsida. Her heime har eg fått lese ein god del, har kost oss med James Stewart-filmen You Can't Take It With You og eg har høyrt det fyrste kapittelet av Harry Potter and the Philosopher's Stone som høgtlesing inne på Wizarding World. Kjempekult at dei har fått sjølvaste Harry Potter, altså Daniel Radcliffe, til å lese kapittel ein! Litt etter litt kjem alle kapitla i boka ut på nettsida, og det er forskjellige kjentfolk som les kvart sitt kapittel. Stas! Ei bra maiveke er nesten over:

✦ likte godt renessansemarknad som plassen for søt musikk i Well Met
✦ Zalo har vore her denne helga også, og han har blant anna lese litt i lag med meg
✦ for eit nusseleg møte mellom Coco og fem skjønne andungar
✦ kryssord i lag med den finaste etter ein travel jobbdag
✦ å måle ei brakke på jobb, resultatet blei bra og det var fascinerande å blande målinga
✦ 75 år sidan frigjeringa, og å sjå fargebilete frå den tida er spesielt og veldig fint
✦ kaffi ute i jobbuniformen tidleg om morgonen
✦ så mykje fint og vårleg inne hos Et katteliv
✦ liten tur ute ved Kvernevik i dag der me såg helleristningar
✦ Nemo, endå ein skjønn og herleg liten dachshund
✦ stikke innom biblioteket – dei har så smått byrja å opne – og hente ein haug med bøker
✦ og eg stod ei stund og prata i lag med ein av dei tidlegare kollegaene mine, veldig koseleg
✦ høyre det fyrste kapittelet i den fyrste HP-boka bli lese høgt av Daniel Radcliffe
✦ Kristin Harmel si bok Der valmuene vokser er kanskje ikkje hennar beste, men bra nok likevel
✦ nydeleg morgonlys gjennom trea ved Mosvatnet på veg til jobben ein dag
✦ dei der søte geitekillingane på Sunflower farm
✦ stemorsblomar i eit drivhus på jobb – nok ein gong ;)
✦ sesongfinalen av Tause vitner, så intens, rørande og bra
✦ trur me må stikke innom denne glasbutikken i Aurland i sommar
✦ vite at organisert svømming kan starte 1. juni, og at me kan opne to veker etterpå
✦ lese lenge i kvar vår bok rett etter sundagsfrukosten

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Atter en gang, takk for at du deler Silje. Du er så god ♥ Jeg er ordentlig misunnelig på deg som har muligheten til å kose deg i bugnende drivhus, kryssord sammen med sin kjære er bare SÅ koselig, og nå fikk jeg både lyst å høre opplesing av Harry Potter-boka og å se på Tause vitner ;) Og ikke minst, dere er superheldige som har det så vårlig og fint. Vi har hatt vannrett snø i et helt døgn nå. Godt vi ikke hadde skiftet vinterdekkene og pakket bort ullklærne enda :P Ønsker deg en kjempefin uke fine, gode du ♥

Silje sa...

Småhumrar litt her eg sit, for i dag har eg gått i ulltøy frå topp til tå på jobb: det har hagla, snødd littegrann og generelt vore ein sur vind :P Heldigvis ikkje heile dagen, så det har gått greitt å vere ute. Tenkjer eg skal høyre kapittel to i dag, og kapittel tre er også ute! :D Og det er berre hyggeleg å dele vidare, du lager så fine innlegg på bloggen din, kvar gong ♥ Klemmar i fleng ♥

Legg igjen ein fin tanke