6. mai 2020

Sundagstur ved Hafrsfjord

I 2016 opna Håhammaren bru, og Stavanger hadde dimed fullført sin del av den planlagde turstien ved Hafrsfjord. Me har vore ute ved brua ein gong før, men det er allereie ei god stund sidan. På sundag gjekk me ein del av turen i lag med broremann: me gjekk frå Møllebukta (der ein kan sjå Sverd i fjell), bort til brua og tilbake igjen. Ikkje den lengste turen, men alltid herleg å strekke på beina. Så fine blomar på trea og veldig stilig med mønsteret på steinen som delar av brua er laga av. Sat eit par minutt på den lange benken på brua. Prata og senka tempoet. Slik sundagen skal vere.

Legg igjen ein fin tanke