15. mai 2020

Sprell levande fugl



Denne fredagen skulle me ha spelt fleire filmmusikkonsertar i lag med orkesteret. Sukk, eg saknar orkesteret, og dette var den konserten eg hadde gleda meg mest til. Men me skal spele den same konserten neste år om ikkje anna. Sidan planen var å spele heile dagen, hadde eg sett av i dag som ein feriedag. Forandra ikkje på det, så eg har dimed langhelg (og klagar så klart ikkje på det). I løpet av dei to helgene Zalo nyleg var her, berre måtte eg ta fram mobilen fleire gongar for å filme. Altså, eg diggar personlegdomen hans! Han synest det er kjempegøy å leike med mannen min, han vil gjerne vere med ut på badet og drikke vatn frå springen, lesing er gøy og å forstyrre oss medan me et mat er i alle fall gøy. Liker særskilt godt starten på den andre filmen; eg er så nysgjerrig på kva det er Zalo prøver å fortelje til mannen min. Håper desse snuttane gir deg ein bra start på helga!

Legg igjen ein fin tanke