8. mai 2020

Besøk av ein sosial type

Zalo var på besøk førre helg, og no er han her jaggu meg igjen. Går rundt på sofabordet, pludrar i veg oppe på houvda våre. Travelt, men også veldig gøy å vere fuglepassarar for denne kule krabaten, særskilt no i det siste sidan han har blitt veldig sosial. Eg tullar ikkje når eg seier at han vil vere med på alt: pannekaker er tingen, lesing er gøy og sjå på film i lag med oss er kjempesosialt. Ingen tvil om at det er mannen min som er Zalo sin besteven, berre sjå korleis han sit på skuldra og liksom pratar inn mot andletet. Men innimellom kjem han til meg også, set seg på handa eller på skuldra. Kvitrar i veg. Og det er meg han kjem til når det er lesetid, og så er det kjempeartig at han ville vere med å sjå The Great British Bake Off akkurat i den augneblinken der den eine kaka var i dei same fargane som Zalo. Ha, ha, eg måtte le litt høgt der eg sat! Zalo, du er den kulaste!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Og herlighet så søt og artig han er ♥ Det er så god stemning at jeg får så lyst å hoppe inn i bildene og være sammen med dere ;) Og ingen tvil om at Zalo er ekstra glad i mannen din. Se så kjærlige bildene av de er!

Silje sa...

Zalo er verkeleg ein artig skrue, og det er så stas når han er på besøk og vil vere med på absolutt alt! Han og mannen min er blitt bestevener, noko eg er heilt einig i kjem fram i bileta over ♥ Skjønner godt at du gjerne skulle ha vore her og sagt "hei", for det er akkurat slik eg har det når du legg ut bilete av Mira ;)

Legg igjen ein fin tanke