Lengtar allereie tilbake til Moslivatnet og hytta. Å vere der oppe, langt unna by og jobb, gjorde godt i heile kroppen. Ikkje minst i hovudet, la tankane fare og ikkje stresse. Sola stod høgt på himmelen og laga skuggar på annekset. Vind var det ikkje. Innimellom såg eg nokon som rodde ute på vatnet, sjølv sat eg på terrassen med ei bok i fanget og kaffi i koppen. Det er slik eg slappar av aller best.
Lyset om kvelden...eit lys som gir meg ro. Litt fuglekvitter og lyden av vatn, elles stille. Vatnet var heilt blikkstille, og robåtane, fjella og trea spegla seg i det. Fjellet. Stilla og roa der oppe.
Legg igjen ein fin tanke