11. mai 2020

Vigdelstranda og Vigdel fort

Fredagstur i mai, den aller fyrste maidagen, faktisk. Turen denne gongen gjekk i retning Sola og Vigdelstranda. Ikkje at me gjekk så veldig langt, men det var i alle fall herleg å kjenne sjø- og sandlukta, stirre langt utover horisonten. Finne eit einsleg skjel, beundre det grønblå vatnet.


Ikkje så langt unna der me parkerte bilen, var det eit jorde der fleire sauar traska rundt. Og for nokre lodne og sjarmerande sauar, både små og store! Fargesprakande ull og den søtaste brekinga (som du kan høyre i videoen). Hi, hi, kunne jo nesten dratt på tur berre for å sjå desse finingane!


Opp gjennom oppveksten har broremann og eg vore mykje på Vigdelstranda, men eg kan ikkje hugse at me har sett Vigdel fort før. Det har kanskje litt å seie at det ikkje var nedlagt før i 2009, før det var det forsvaret som hadde oppsynet. Vigdel fort, også kalla kystfort, blei bygd av tyskarane i 1940. Kjekt å gå på ei lita historisk oppdagingsferd ute ved kysten i min barndomskommune.

Legg igjen ein fin tanke