17. mai 2020

Maiveke med eit par kjipe dagar og ei bra langhelg

Så, kva kan eg seie om denne veka?! Vel, fyrst og fremst: gratulerer med dagen! Eg håper alle har hatt ei god 17.mai-feiring sjølv om den i år blei annleis for dei aller fleste av oss. Me har vore på besøk hos eit venepar og utpå kvelden åt me middag i lag med broren min. Så alt i alt blei det ein bra dag! Grunnen til at eg ikkje veit heilt kva eg skal seie om resten av veka, er at det har vore både opp og ned. Dagane har snegla seg av garde, og eg må innrømme at å stå i skuggen i fem-seks gradar og måle, det er ganske kaldt. Det same gjeld å kjenne regnet trekke inn i dei ikkje vasstette arbeidsskoa, og kjenne hendene berre bli våtare og kaldare. Alt i alt er dette ikkje eit stort problem, fyrst og fremst "berre" kjipt. Det verste er å ikkje vite når me kan komme tilbake til svømmehallen igjen. For framleis er retningslinjene slik at dusj og garderobar ikkje skal brukast, og då er det ikkje berre berre å opne slik at folk kan komme og svømme. Motivasjonen svingar dimed veldig. Artige TV-seriar, fleire gode bøker, heimedate med take away og to kapittel frå Harry Potter and the Philosopher's Stonhar vore små, viktige gleder desse dagane. Og humoren blant den gjengen eg er med i uteavdelinga, ha, ha, det gjer ting noko enklare! Langhelga har gjort godt, eg har fått slappa av, vore akkurat passe sosial og er – i alle nesten – klar for ei ny veke. Sundagslista aller fyrst:

✦ starte sundagen med kaffi, ei bra bok og det norske flagget, for det må jo fram på sjølvaste 17.mai
✦ blir rørt og glad av å lese dette om aksept og å kunne vere seg sjølv på Bømlo folkehøgskule
✦ blandinga av humor, drama og kjærleik i The Bromance Book Club
✦ hi, hi, litt artig å sjå Livet med Larkins på NRK Nett-TV
✦ nye "koronahjarte" på eit av trea ved Vannassen
✦ Synne sitt innlegg om ein "staycation" i Oslo
✦ digg å klippe håret hos frisøren etter jobb torsdagsettermiddag
✦ kapittel to av den fyrste HP-boka med Noma Dumezweni og kapittel tre med Eddie Redmayne
✦ godt med te etter å ha vore kald på hendene heile dagen
✦ løvetann på ein plen eg skulle klippe på jobb
✦ John Krasinski og eit The Office-bryllaup – eg lo og grein om kvarandre
✦ alltid like stas å ha ei anledning til å ta på meg bunaden
✦ stemma til Lea Michele, heilt rått (og så er det alltid kjekt med eit lite Glee-gjensyn)
✦ å for ein gongs skuld tinge heim middag frå ein restaurant
✦ det blir ikkje søtare enn dette: dacshundar og ein liten andunge
✦ finfin avslutning på serien Episodes
✦ flott feiring av nasjonaldagen trass rare tider
✦ lese Undercover Bromance, bok nr. to i den serien (like bra som den fyrste boka)
✦ må jo berre le av denne lista: "Top 10 Best Despicable Me Franchise Moments"
Christian Borch sitt matlagingskåseri på P1+ måndagsmorgon medan eg måla
✦ songane "Our Last Summer", "Bohemian Rhapsody", "Irene Wilde" og "He Ain't Heavy – He's My Brother" med Heine Totland og Gisle Børge Styve på online livekonsert tysdagskveld

Legg igjen ein fin tanke