24. mai 2020

Opp og ned og til slutt ein hyttetur

Litt som førre veke, har desse dagane vore opp og ned som ei berg-og-dal-bane. For det er ikkje like enkelt heile vegen å halde motivasjonen oppe når alt er så usikkert. Men me avslutta veka på hytta i lag med eit venepar, og det var kjempekjekt! På tysdag fekk eg med meg livesendinga "20 år for en barndom uten vold og overgrep", for i år er det tjue år sidan Stine Sofies stiftelse blei stifta. Livesendinga med musikk, intervju og helsingar var rørande, fin og viktig. Eg har høyrt endå ei kapittel frå den fyrste HP-boka, og Stephen Fry er berre fantastisk å høyre på, særskilt når han skal vere Hagrid! Sol, frisk luft og små gåturar hjelper på humøret, og eg har ledd mykje og samstundes senka skuldrene oppe på hytta. Vêret var ikkje det beste oppe på fjellet, men me har likevel hatt det kjempeartig med brettspel, god mat, liten tur blant lamma på Jørpelandsholmen, mykje prat og vel så mykje latter. Las mykje i dag tidleg medan det var tjukk tåke og regnet bøtta ned ute. Magisk start på sundagen. Måtte til slutt køyre heim, og no er det på tide å oppsummere veka:

✦ sjølv om Liket i biblioteket ikkje er Christies beste, har eg kost meg med nok ei Miss Marple-bok
✦ starte veka med ein bosstømmerunde rundt Stokkavatnet der me såg søte lam og fine sauar
✦ nydeleg cellomusikk frå Hauser, og du får høyre blant anna "Benedictus" og "Nessun Dorma"
✦ lese i fleire timar i strekk
✦ finne ein Legomann i ein busk som me skulle klippe
✦ sjå filmen Despicable Me 3 – å, den søtaste geita og alle dei kule minions
✦ tenkjer at den nye serien The Great ser skikkeleg kul ut
✦ makrellskyer ein maidag
✦ fjerde kapittel av den fyrste HP-boka, og det er er Stephen Fry som les
✦ hyttetur med dei finaste folka
✦ søte svaneungar og vind i håret då me torsdag var ute ved Hafrsfjord
✦ Synne skriv om ein båtkortesje på årets 17. mai
✦ følgje direktesendinga til Stine Sofies stiftelse tysdagskveld
✦ bryllaupsplanlegging i lag med ho som har spurt meg om å vere forlovar
✦ piknik med Loulou og Coco
✦ lese diktsamlinga Utsikt med et sandkorn som denne månadens litteraturprisvinnar
✦ å måtte stoppe på veg heim frå jobb for å ta eit lite bilete av dei der rosa blomane på eit tre
✦ bittesmå kaninungar, ein golden retriever og ein undulat – for ein herleg gjeng
✦ quiz på hytta med lys frå den lille parafinlampa som me kjøpte på Gotland i fjor
✦ kaffi i krus som matchar den prikkete duken på jobb (og høyrselsvern til grasklippinga)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fin liste Silje ;) Hyttetur med venner hørtes kjempekoselig ut, og bildene er så fine! Spesielt de rosa trærne og svanene. Jeg har ikke lest boka, men sett filmen, og brukte egentlig ganske lang tid på å like The Body in the Library. Nå er jeg blitt flinkere til å sette pris på den filmen, og da kanskje spesielt fordi jeg har fokusert mer på detaljene. Og jeg sender deg en ekstra god klem og et ♥ i håp om at det kan hjelpe litt på i uka som kommer. Jeg har faktisk slitt litt med motivasjonen selv fordi alt er så annerledes nå. Så usikkert. Jeg er jo vanemenneske av rang, og kjenner ekstra på behovet for å ha ting som "normalt" på grunn av Bianco. Og vi har til og med hatt et helt fantastisk vær denne uka, noe som normalt bare bidrar til smil og glede. Men her nord vil man jo trekke ut å være sammen med alle man er glad i når været er godt. Men så kan man jo ikke det fordi vi må holde avstand. Vel, vi kan jo være ute, men det er begrenset. Så jeg skjønner deg så veldig, veldig godt! Jeg tenker at vi bare må fortsette å holde fast i det som er godt. Og flire enda mer ;) ♥ Klem fra en som er så takknemlig for denne fine bloggen, og som sitter å nyter nydelig klassisk musikk som du har tipset om.

Silje sa...

Kjære, finaste du! Eg er så takksam for alle dei fine kommentarane du legg igjen her ♥ Verkeleg, tusen, tusen takk! Det hjelper faktisk mykje på ein grå dag, og akkurat no sit eg og tenkjer at veka som byrjar i morgon kjem til å bli bra. Er vanemenneske sjølv, og kjenner meg veldig igjen i det du skildrar. Eg tenkjer det må vere lov til å ha dårlege dagar, skrive om dei og få ut frustrasjon. Samstundes prøver eg å vere positiv, og eg satsar på meir normale dagar i løpet av sommaren. Smiler godt av det siste du skriv, at du no sit og høyrer på klassisk musikk som eg har tipsa om. Hi, hi ;) Ønskjer deg og dine fine maidagar, mange klemmar ♥

Legg igjen ein fin tanke