3. mai 2020

Annleis jobbkvardag og ein fining på helgebesøk

Sidan eg no er i uteavdelinga, er eg litt ekstra takksam for at vêret har vore såpass bra denne veka. Rart å ikkje sykle ned til byen når eg skal til jobb, men heller mot Tjensvoll og Madla. Dagane har vore varierte og det blir spennande å sjå korleis dei neste vekene blir. Me håper jo alle at me kan komme tilbake til svømmehallen i nær framtid, men foreløpig veit me ingenting. Eg tar ein og ein dag om gongen. Frå onsdagskveld og fram til i dag, har me hatt Zalo på besøk. Og gurimalla, han er berre så sosial for tida! Han er med ut på kjøkkenet, sit på hovuda våre, av og til på ein skulder slik at han kan prate rett i øyret. For ein herleg personlegdom på den lille gule og kule finingen! Fleire gylne morgonar har det blitt også denne veka. Resten av mi veke er samla i fleire fine punkt:

✦ heimelaga latte og ei søt bok-om-bok: The Library of Lost Things av Paula Taylor Namey
✦ ut på tur med Coco og Loulou
✦ besøke eit venepar ute på Klepp i går, så herleg å kunne vere littegrann sosial igjen
✦ altså, eg berre smeltar av å sjå på denne heilt nusselege kattungen (og så det namnet)
✦ tur ute på Vigdelstranda og Vigdel fort i lag med broremann og mannen min
✦ songen "River Flows In You" i ein nydeleg celloversjon med Hauser
✦ besøk av Zalo som gjerne ville sjå på The Great British Bake Off og lese i lag med oss
✦ skrive nye lappar til minneglaset
✦ "Lately i kattelivet" – sånn akkurat passe kvardagsleg med små gleder og ein søt katt
✦ noko forutsigbar, men Den tause pasienten var likevel ei spennande krimbok
✦ heilt fantastisk soloppgang, så varm og gyllen
✦ endå ein ny vlog frå Jonna, eit stykke magi å sjå videoane som ho lagar
✦ fordelen med langhelg: å kunne starte tre dagar – ikkje berre to – med kaffi og ei kjekk bok
✦ karakterane Clarissa og Jack i Tause vitner
✦ liten tur ute ved Hafrsfjord tidlegare i dag
✦ Norwegian Made – ei nettside kor ein kan finne mange flotte gåver, alt laga i Noreg
✦ morgonlyset gjennom kjøkkengardina
✦ fin blome teikna med akvarellblyantar
✦ stemorsblomar i eit drivhus på jobb
✦ kjem nok til å fortsetje å dele slike søte geitevideoar
✦ rosa blomar på trea, like vakre kvar einaste vår

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Jeg blir alltid så glad av søndagslistene dine Silje, men denne traff meg litt ekstra ;) Må være søte Zalo, fine blomster og vakre solbilder. Så bra å høre at "Den tause pasienten" var bra, for den har jeg også kjøpt. Og vloggene til Jonna er virkelig nydelige. Takk for tips om Norwegian Made og for at du enda en gang deler ♥ Ønsker deg en nydelig uke og håper været blir like bra som i den som gikk. Det fortjener alle som jobber ute ;) Her nord blir det dessverre surt og kaldt. Så da blir det boklesing og baking på meg og Mira ;)

Silje sa...

Kva skal eg seie? Kommentarane dine betyr så mykje for meg, Ida ♥ Veit ikkje alltid kven som eigentleg les bloggen min, og på ein måte bloggar eg like mykje for meg sjølv som for andre. Men det at du les det eg skriv, ser bileta og legg igjen fine ord her, det gir meg ekstra motivasjon til å fortsetje å dele smått og stort frå kvardagen min. Og tihi, Zalo er ganske så kul, ja ;) Tenkjer at ein kan finne mykje fint inne på Norwegian Made, kanskje glede nokon i denne rare tida. Sender deg og Mira mange måndagsklemmar ♥

Legg igjen ein fin tanke