13. mai 2020

Å varme hendene etter jobb

"After all this time? Always". Og slik kjem det alltid til å vere. Sitatet på ein av dei finaste krusa mine, er henta frå den siste HP-boka. Ei bok – ein heil serie – som var med meg gjennom store delar av oppveksten, som alltid kjem til å bety mykje for meg. Okei, det var eigentleg ikkje det eg tenkte eg skulle skrive om i kveld. Eg tenkte berre å skrive eit lite kvardagsinnlegg. Etter fleire timar ute i ein kjøleg vårluft, kjem eg heim og er iskald på hendene. Har drukke nok kaffi i løpet av timane på jobb, så det er det fram med ein favoritte i eit favorittkrus. Teposen legg eg på eit fint og bittelite fat frå Royal Copenhagen. Teen smaker godt, hendene blir varme, roa kjem sigande.

Legg igjen ein fin tanke