14. mai 2020

Helleristningar og eit minnesmerke

Vindfullt ute ved kysten. På sundag stakk han fine og eg ein tur ut til Kvernevik der me gjekk langs Kvernevik tursti. Innimellom var det nesten vanskeleg både å gå og prate fordi vinden var såpass sterk. Men eg klagar ikkje, for det gjorde godt å komme ut i frisk luft (eg hadde ein ordentleg innedag laurdagen), sjå fine blomar og myrull ved svaberget og nyte at sjølv om det blåste, så var det sol og ein relativt blå himmel. Trur aldri eg blir lei av å oppdage nye stiar i Stavanger.


Langs denne stien finst det eit par helleristningar. I Stavanger har me fleire slike felt, og sjølv om me kanskje ikkje er dei som er mest interesserte eller kan mest om dette emnet, er det spennande å studere dei. La fantasien tenkje seg til kva dette kan fortelje om fortida. Då det blåste som verst, var me godt pakka inn, men eg berre måtte ta ein selfie av korleis me såg ut ;) Vidare ut på Smiodden ligg "Brutt lenke". Johannes Block Hellum er kunstnaren bak denne bronsekulpturen som er eit minnesmerke etter Kielland-ulykka. I år er det 40 år sidan oljeplattforma kantra, og ulykka står framleis som ein av dei verste i Nordsjøen etter andre verdskrig. Fyrst seks år etter ulykka blei monumentet avduka. Det er fire meter høgt, seks meter langt og veg omtrent fem tonn. Sterkt å stå der ute, på Stavangers vestlegaste punkt på fastlandet, og minnast dei som mista livet langt der ute.

Legg igjen ein fin tanke