18. mai 2020

Det blei 17. mai i år også 🇳🇴

Hi, hi, så klart kom datoen 17. mai i år også, men eg tenkjer jo så klart på feiringa av nasjonaldagen ;) Trur alle har vore usikre på korleis me kunne feire dagen slik situasjonen er no, men det blei både litt korpsmusikk (på skjermen vel å merke) og lunsj hos det veneparet me pleier å vere hos. Fann fram bunaden, han findressen og måtte som vanleg ut ein liten tur for å ta eit par bilete. Det årlege bunadsbiletet, veit du! Og eit par tullebilete. Synest det fyrste biletet blei artig, litt sånn i farta!


I tolv-tida gjekk me bort til veneparet som hadde invitert ein liten gjeng. Ute regna det, og eg måtte halde stakken med den eine handa og paraplyen med den andre. Heldigvis var det ikkje styrtregn. Vel framme hos venane våre tok me alle saman omsyn, sat ikkje for tett og fekk ein god dose med handsprit då me kom inn døra. Dei hadde dei pynta så fint med vimpel, kransekake med norske flagg og inne på kjøkkenet var det noko for ein kvar smak. Fyrst lunsj, så kaffi og noko søtt.


Kransekaka og pavlovaen var veldig gode. Og så må eg berre skryte bittelitt av meg sjølv: eg hadde nemleg laga ei iskake for fyrste gong, ei Oreoiskake. Eg følgde denne oppskrifta, og det var fleire som synest at også denne kaka blei veldig god! Det regna ikkje heile dagen, så me kom oss ut ein liten tur for å spele eit hagespel. Kan likne om ei blanding av dart og spydkasting inkludert ein golfball. Ikkje den beste forklaringa, men spelet var ordentleg gøy! Zelda, pusen deira, måtte også vere med og vere heiagjeng ;) Då klokka nærma seg halv fem, traska me heim igjen. Fekk med meg mannen min på eit par selfies, og dei blei som alltid like morosame, hi, hi! Broren min kom på middagsbesøk ikkje så lenge etterpå, og det blei ei koseleg og roleg avslutning på årets 17. mai.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For noen herlige bilder ;) Ser ut som dere koste dere masse. Og de kakene... jeg kunne godt ha tenkt meg å smake på de ;)

Silje sa...

Tihi, jepp, dei kakene var veldig gode ;)

Legg igjen ein fin tanke