2. mai 2020

Sauar og høner, side om side




Sauar ved Stokkavatnet og sauar rett ved universitetet. Eg berre må dele ein liten videosnutt av dei søte lamma som me såg då me var på veg til Hålandsvatnet. Og det heiter jo at sauar er "ålreite dyr", så då gjer det ingenting at eg sleng med denne videoen! Ved universitetet er det ein gard (i tillegg til den økologiske garden som også ligg i det området) som har både sauar og høner. Så mange stilige fargar på hønene, og ikkje minst sveisen på den eine. Å, dyrelivet i nærområdet vårt!

Legg igjen ein fin tanke