✦ støtte små bedriftar, og det var kjekt å få sjokolade og kjeks i posten frå Fredag
✦ Eides språksjov – på altanen, for me treng alltid latter og glede
✦ dachshundkvalpane 0-4 veker
✦ blir ein del krim no i påska, og eg likte god spionthrilleren Sløve hester som eg las for litt sidan
✦ flott marsbukett inne hos Et katteliv
✦ artig å finne eit bittelite skjel då me låg på alle fire og støvsugde under tribunen
✦ videosamtale med veninnegjengen torsdagskveld, og me prata i halvannan time✦ kirsebærtrea med dei vakre, rosa blomane inne hos Linda
✦ britisk krim er alltid den beste, og det er gøy at Tause vitner er tilbake på skjermen igjen
✦ grøn skog mot den blå himmelen
✦ cellisten Hauser speler så nydeleg
✦ lita bursdagsgåve frå kollegaene mine: gavekort på Ark og flotte påskeliljer
✦ gå Madlamarkturen der me gjekk forbi sverda ved Hafrsfjord
✦ "Top 10 Friends Jokes That Will NEVER Get Old"
✦ heimelaga latte og ei søt lita bok: The Red Notebook
✦ "The Circle of Life" – ny blog frå finaste Jonna
✦ lage key lime pie som eg hadde med på jobben på fredag
✦ spele "fleip eller fakta" med andre i slekta over videosamtaleprogrammet Zoom
✦ tommel opp for heimlevering av biblioteksbøker
✦ livekonsert med Heine Totland og Gisle Børge Styve (blei så klart rørt då dei song denne songen)
✦ Kringkastingsorkesteret med "All By Myself" – herleg versjon, ingen tvil om det
✦ blomar, bakverk, mandelegg og bursdagssong på døra av ei kjempegod veninne
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Kjære Silje ♥ Her kommer en forsinket bursdagshilsen fra en som har vært alt for travel siden helga. Håpe du hadde en fantastisk fin dag, og at du koste deg tross omstendighetene ;) Og kjempefin liste som vanlig. Jeg koser meg ordentlig med alt du deler. Varm påskeklem fra oss i kattelivet ♥
Finaste deg, tusen, tusen takk ♥ Betre seint enn aldri, tihi ;) Dagen blei bra trass få klemmar og like få sosiale ting. Og bursdagssong og blomar på døra og seinare bursdagskake heime på Sola lyste opp dagen :D Alltid kjekt å lese kommentarane dine, og det same med alt det du deler på bloggen din. Sender eg ein god påskeklem rett tilbake ♥
Legg igjen ein fin tanke