1. apr. 2020

Godt selskap i Sørmarka

Før regnvêret slo til i går kveld og utpå dagen i dag, fekk me gått ein tur på laurdag og ein på måndag. Veit ikkje kor mange gongar eg har sagt det i det siste, men å komme seg ut i den friske vårlufta, det er ei heilt eiga kjensle. På laurdag sykla broren min, han der fine og eg bort til Sørmarka. Me var der nokså tidleg slik at me ikkje skulle gå i kø med tanke på den situasjonen me har i landet og i verda no. Det gjekk fint å halde avstand sidan det var relativt tidleg og at ein i Sørmarka kan gå fleire forskjellige vegar. Herleg å berre gå utan å ha ein plan, prate, sjå utover byen og inn i skogen; naturen har verkeleg byrja å vakne. Grøn mose og gule blomar, lyset inn på mosen og på dei brune blada. Som eg håper snart blir grøne. Lukta i skogen, roa ein får.

Legg igjen ein fin tanke