13. apr. 2020

Jåttåturen

Ut på tur på nye stiar. Desse kvardagsturane er kanskje ikkje dei mest krevjande eller gjennom flotte skogar, men dei tar oss me ut på stiar og vegar som me aldri har gått før, område me ikkje visste om. Midt i førre veke fann me ut at me ville prøve oss på Jåttåturen. Og som ein les i skildringa av turen er dette ein variert rute der me starta med ein liten svipptur innom industriområdet Forus. Me traska på ein nyare sykkel- og gangsti som førte oss såvidt innom Sola kommune. På eit eldre steingjerde med finfin grøn mose på, sette me oss ned og tok ein liten rast.


Til jul fekk han fine og eg kvart vårt flotte sitjeunderlag av svigers, og eg berre diggar både fargen og sitatet på det eg fekk! Kaffien var god, me hadde med oss dei kulaste turkoppane og broremann var også med, blid og nøgd. Påskeliljer og kule trestammer såg me langs vegen, og til slutt gjekk me på den fine stien Ungdomsgeilen. Det er vår ute på markene, og den knallgrønene mosen i lag med kvitveisen lyste opp medan me traska det siste stykket til parkeringa. Kjempebra påskeferietur!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Ja de sitteunderlaga passa midt i blinken for dere :-) Han fine fikk jo også et med tekst som skulle minne ham om barndommens (og Ivar Aasens) fjord og fjell - som nok er litt høgere enn "fjella" rundt Stavanger. Og sjølsagt husket jeg din begeistring for det blå.....

Silje sa...

Kjem aldri til å bli lei den kongeblå fargen ;) Og det grøne som han fekk er også kjempefint, dei kjem til å bli brukt mykje :)

Legg igjen ein fin tanke