3. apr. 2020

Lektyre til ein lang påskeferie

Utanom boka Påskekrim 2019, har eg lese ut dei andre bøkene eg lånte dagen før biblioteket stengte. Eg har også lese ut eit par bøker på lesebrettet og ei frå bokhylla vår, så sånn sett ingen fare. Men så var det månadens litteraturprisvinnar, ei ekstra krimbok og eit par andre eg har hatt på lista ei lita stund. Skulle så gjerne ha lånt fleire bøker før påskeferien, men er ikkje så enkelt no i denne tida. Gjett om eg blei glad då eg for ei vekes tid sidan las at biblioteket her i byen kom til å sykle og køyre rundt med forundringsposar og bokønskjer fram mot påske. Skreiv melding til dei nesten med det same, og i går fekk eg ein pose på døra med fleire godbitar. Oppi posen låg det også eit hyggeleg skriv, og dei hadde til og med slengt oppi Downton Abbey-filmen som eg akkurat ikkje rakk å hente før dørene stengde. Så no er påska redda, tusen takk til alle flotte folka på Sølvberget!

Legg igjen ein fin tanke