29. apr. 2020

Presskannekaffi og annan hyttekos

Gjorde godt med eit par dagar på hytta. Fekk slappa av og lada batteria, noko som kjem godt med når eg (og dei andre i svømmehallen) frå og med denne veka er omplassert til uteavdelinga i bedrifta. Til no har eg blant ann lukt og klipt gras. Ein annan kvardag, men tenkjer det kjem til å greitt for ein periode. På hytta sat me ute på balkongen og las, sola varma og fjellroa kom sigande. Presskannekaffi i favorittkoppen blei det også. Inne prøvde me oss på heimelaga hjernetrim, me spelte "UNO" og tente stearinlys då det mørkna. Utpå laurdagskvelden fekk me besøk av eit venepar, og det blei pizza, kake og endå meir "UNO". Me testa så vidt den lille oljelampa som me kjøpte på Gotland til mamma og pappa til jul. Er framleis ganske nøgd med at me fekk den me oss heim utan skrammer på ein lang busstur og sidan nattoget. Trur denne kjem til å bli brukt mykje når seinsommaren og hausten kjem. Å, Ørneredet. Eg senker verkeleg skuldrene der oppe.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Det så helt herlig ut med hyttetur og alt koselig som følger med ;) Og den oljelampa var bare SÅ fin!

Silje sa...

Ingen tvil om at me koste oss! Herleg å komme seg litt vekk frå byen, reise opp til fjellet, vatnet og hytta, roe ned tempoet. Synest også at oljelampa er veldig fin ;) Nesten fredag, så eg vil gjerne ønskje dykk alle ei god helg! :D

Legg igjen ein fin tanke