26. apr. 2020

Aprilveke med gylne morgonar

Balkongliv og magisk morgonlys, kaffi og bøker (alltid, alltid, alltid), langhelg og hytteliv. Energinivået på jobb og rett etter jobb har vore av og på, men generelt sett har det vore ei god veke. Kvar morgon har eg sykla til jobb i eit gyllent lys, ein varm soloppgang som lagar mjuke skuggar. Slike morgonar er ordentleg kvardagsgleder! På tysdag var me på eit lite terrassebesøk hos eit venepar og på onsdag var det dugnad her i blokka. I helga nytta me sjansen til å reise opp til hytta sidan hytteforbodet no er oppheva. Og for ei helg! Fredagsettermiddag og heile gårsdagen var fylt med sol og knallblå himmel, presskannekaffi og lesing ute på terrassen, peis i ovnen inne om kvelden. Fekk også besøk i går kveld av to gode kollegaer, og me åt pizza, spelte "UNO", prata og lo mykje. Vakna opp til tåke over vatnet i dag, men det letna etter kvart (og i tillegg skulle me uansett heimover). Så får me sjå korleis den fyrstkommande veka blir sidan me no skal gjere andre arbeidsoppgåver enn det me har gjort dei siste vekene. Om ikkje anna er sundagslista i alle fall klar:

✦ sitje ute på balkongen etter jobb og lese i vårmagasinet som Mariell har laga (sjå heifredag.no)
✦ og elles sitje på den same balkongen og lese i ei god bok
✦ stikke innom eit venepar ein halvtimes tid på tysdag etter å ha ete middag
✦ fordi Aziraphale og Crowley frå Good Omens er artige, søte og kule
✦ feelgoodboka Poppy Jenkins
✦ køyre gjennom Ryfylketunnelen for fyrste gong, fjellhallen er like blå som den i Lærdalstunnelen
✦ hyttehelg med stor H
✦ Julianne sin tekst om sårbarheit og kjensler, synest ho skriv om dette veldig bra
✦ litt hyttesnacks
✦ bla i noko hyttelektyre medan morgonsola skein inn i heile hytta
✦ bittesmå geitekillingar, alltid like nusselege
✦ las Den gode jord av Pearl S. Buck som litteraturprisvinnaren denne månaden
✦ blikkstille vatn og ein svak, rosa solnedgang over Moslivatnet
✦ ekornet Trygve (ekorn er så herlege) som fekk ein ny heim
✦ soloppgang over svømmehallen
✦ "All I Ask Of You" – spelt inn over nettet i denne merkelege tida
✦ morgonsola som laga mjuke skuggar på ein vegg
✦ ny vlog frå Jonna, like bra som alle dei andre
✦ varmt og gyllent lys på veg til jobb tidleg ein morgon
✦ besøk av to fine personar på hytta i går kveld

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Her var det mye fint! Kjempefin liste som vanlig ;) Jeg har også kost meg med Vår-magasinet til Mariell, ekornet Trygve er så søt, og de geitekillingene var bare helt nydelige. Jeg vokste opp med besteforeldre som hadde geiter, så jeg har så mange gode minner fra nysgjerrige og spretne geitekillinger som klatret på oss. Og de voksne geitene var også veldig selskapelige og sosiale. Hvis vi var så heldige å være på besøk når det kom nye små til verden, brukte vi å få navngi hvert vårt kje som da liksom ble vårt. Det var alltid stas. Men favorittgeita mi gjennom alle årene var Neptune som sto ytterst i bingen til høyre. Det var jeg som hadde gitt henne navnet, og vi var SÅ gode venner <3

Silje sa...

Kjempefin kommentar, Ida! Eg set verkeleg pris på alle dine fine ord <3 Har enno ikkje lese ut vårmagasinet, men det er berre fordi eg synest det er så fint at eg vil spare, eg les litt og litt, bit for bit ;) Så stilig at du har fått vore med på å gi namn til geitekillingar! Dei er så artige når dei hopp og sprett rundt alle plassar, og dei eg har helse på tidlegare har vore ordentleg sosiale! Og ikkje minst søte <3

Legg igjen ein fin tanke