5. apr. 2020

Sundagsbursdag!

Hipp, hipp hurra! Det er nemleg bursdagen min i dag, og i år er det attpåtil rund dag. Ikkje ei stor feiring, men eg hadde ikkje planlagt noko heller. Fyrste halvdelen av veka var tung, og det trur eg me alle saman på jobb gjekk rundt og kjente på. Eigentleg ikkje noko spesielt som hadde skjedd, men det er vanskeleg å halde motivasjonen og konsentrasjonen oppe time etter time gjennom ei heil arbeidsveke. Torsdagen kom og det blei lettare, og fredagen var sånn sett ganske bra. Eg hadde i tillegg kake med jobb, og me koste oss litt ekstra før påskeferien starta for fullt. For min del blir det ein ekstra lang påskeferie i år på grunn av jobbturnusen, så fyrst tysdag om halvanna veke skal eg tilbake igjen. Rare greier alt dette her. Testa ut Zoom, eit program for videosamtalar, på torsdag i lag med den besteste gjengen frå vgs. Kjempekjekt å sjå og prate med dei fire fine veninnene mine! Roleg dag i går medan me i dag har gått tur i solskinet, eg har fått blomar og pakke på døra av ei god veninne (og ho sang til og med bursdagssongen), mange kjekke bursdagshelsingar, bursdagssong over nettet, eit par gåver og kaffi og kake i lag med familien. Alt i alt har det vore ein bra bursdag, ein real opptur etter ei noko tung veke. Tjo og hei, fleire kjekke punkt rett under:

✦ støtte små bedriftar, og det var kjekt å få sjokolade og kjeks i posten frå Fredag
✦ Eides språksjov – på altanen, for me treng alltid latter og glede
✦ dachshundkvalpane 0-4 veker
✦ blir ein del krim no i påska, og eg likte god spionthrilleren Sløve hester som eg las for litt sidan
✦ flott marsbukett inne hos Et katteliv
✦ artig å finne eit bittelite skjel då me låg på alle fire og støvsugde under tribunen
✦ videosamtale med veninnegjengen torsdagskveld, og me prata i halvannan time
✦ kirsebærtrea med dei vakre, rosa blomane inne hos Linda
✦ britisk krim er alltid den beste, og det er gøy at Tause vitner er tilbake på skjermen igjen
✦ grøn skog mot den blå himmelen
✦ cellisten Hauser speler så nydeleg
✦ lita bursdagsgåve frå kollegaene mine: gavekort på Ark og flotte påskeliljer
✦ gå Madlamarkturen der me gjekk forbi sverda ved Hafrsfjord
✦ "Top 10 Friends Jokes That Will NEVER Get Old"
✦ heimelaga latte og ei søt lita bok: The Red Notebook
✦ "The Circle of Life" – ny blog frå finaste Jonna
✦ lage key lime pie som eg hadde med på jobben på fredag
✦ spele "fleip eller fakta" med andre i slekta over videosamtaleprogrammet Zoom
✦ tommel opp for heimlevering av biblioteksbøker
✦ livekonsert med Heine Totland og Gisle Børge Styve (blei så klart rørt då dei song denne songen)
✦ Kringkastingsorkesteret med "All By Myself" – herleg versjon, ingen tvil om det
✦ blomar, bakverk, mandelegg og bursdagssong på døra av ei kjempegod veninne

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjære Silje ♥ Her kommer en forsinket bursdagshilsen fra en som har vært alt for travel siden helga. Håpe du hadde en fantastisk fin dag, og at du koste deg tross omstendighetene ;) Og kjempefin liste som vanlig. Jeg koser meg ordentlig med alt du deler. Varm påskeklem fra oss i kattelivet ♥

Silje sa...

Finaste deg, tusen, tusen takk ♥ Betre seint enn aldri, tihi ;) Dagen blei bra trass få klemmar og like få sosiale ting. Og bursdagssong og blomar på døra og seinare bursdagskake heime på Sola lyste opp dagen :D Alltid kjekt å lese kommentarane dine, og det same med alt det du deler på bloggen din. Sender eg ein god påskeklem rett tilbake ♥

Legg igjen ein fin tanke