15. apr. 2020

Fyrtårn i nabokommunen

Sjølv om det ikkje blei fjellsol og hyttepåske oppe ved Moslivatnet, har me prøvd å nyte det fine vårvêret. For mange av dagane førre veke var nydelege. Vindfulle og litt kalde, men likevel nydelege. På fredag køyrde me ut til nabokommunen Randaberg, heilt ut til nordspissen.


Svaberg og svaner, grønt gras og små, kvite blomar. Lukta av sjø, vind i håret (okei, me hadde lue på oss, men du skjønner kva eg meiner) og solbrillar på. Me sette bilen på parkeringa ved Tungenes fyr, og fyret var hovudmålet for turen. Fyret blei etablert i 1828 og lagt ned i 1984. No er det fyrst og fremst eit kulturelt fyrtårn der ein til dømes kan sjå korleis fyrvaktaren budde på 1930-talet og i uthuset er det ulike temautstillingar. Det er stengt no, så me kjem nok til å ta ein ny tur seinare.


Kan nok ikkje seie at det blei ein lang tur på oss, men det var ikkje det viktigaste; det viktigaste var at me kom oss ut. Broremann hadde med seg te i den kule Aukrust-termosen eg gav han til jul, og me hadde med oss kaffi. Fann ein plass på svaberget der me koste oss med kvar vår kopp med varm drikke. Koseleg at broren min tok eit fint bilete av oss, og så blei det ein liten selfie foran fyrtårnet. Traska littegrann i området rundt og ved fyret før me køyrde heimover. Måtte jo også hoppe og danse slik eg ofte gjer når me er ute på slike turar ;) Og så var det heim til lesing og litt meir kaffi.

Legg igjen ein fin tanke