8. apr. 2020

Bursdagskaker 🎂

Neida, det blei inga stor feiring av bursdagen min på sundag. Men ein tur heim til mamma og pappa på Sola, i lag med mannen min og broren min, det fekk me til. Lite med klemmar og nærkontakt, for me prøver no å følgje forholdsreglane som gjeld i desse tider, men koseleg besøk lell. Mamma hadde bakt ein knallgod browniekake med marengs, krem og sitronkrem og sjølv om det ikkje var tretti lys, var det artig med små, fargerike lys som stava "Happy birthday!".


På fredag, den siste jobbdagen før påskeferien, hadde eg med meg ein key lime pie som eg hadde bakt dagen i forvegen. Eg har lenge hatt lyst til å lage denne, og endeleg fann eg det perfekte høvet. Det ligg mange forskjellige oppskrifter av denne kaka ute på nettet, sjølv brukte eg den som ligg ute på Det søte liv. Smaken på kaka blei supergod (om eg få lov til å seie det sjølv), eg diggar jo smaken av lime! Dekorasjonsmessig kan eg nok øve meg meir på bruken av ein sånn sprøytepose for krem, men det blei no heilt greitt ;) Trur dette er ei kake eg kjem til å lage fleire gongar!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Nam, begge kakene både hørtes og så gode ut ;)

Silje sa...

Og det var dei, ingen tvil om det! ;) :D

Legg igjen ein fin tanke