10. apr. 2020

Glimt frå ei heimepåske

Når vêret er bra, stikk me ut, noko me har fått gjort desse påskedagane. Godt å bevege kroppen og kjenne vårlufta i andletet, for som alle andre er det heimepåske på oss i år, og det blir mange timar inne i leilegheita. Men me har ikkje brakkefeber heile vegen: me koser oss med "Påskelabyrinten" og kaffi kvar morgon. Tulipanane som eg fekk til bursdagen min er no sprunge ut, gule og kule. Kryssord er ein klassikar når ein vil trimme hjernen litt. Eller slappe av, alt etter som. Påskeegg og påskekrim er eit must, og sjå det søte påskeegget med katten på som eg fekk på jobb! Me har også hatt videoquiz med kjekke folk, ein blir kreativ i ei tid som denne. Påska 2020. Heimepåske.

Legg igjen ein fin tanke