27. apr. 2020
Tursmil 🌳😄
Som vanleg går dagane litt for fort, og det er allereie halvanna veke sidan me gjekk ein tur rundt Hålandsvatnet. Færre folk rundt det vatnet enn rundt Stokkavatnet, og me synest i tillegg at Hålandsvatnet er finare. Med andre ord: turen var kjempebra! Litt kald vind innimellom, og då var det på med lue, men smilet var der heile vegen. Rundt vatnet er det fleire benkar ein kan ta ein pause på, og for vår del fann me ein benk på ein fin platting rett ved vatnet. Der tok me ein liten rast med niste og kaffi på termos. Tommel opp! Og så er det så klart tommel opp for slike kule lappar som me såg med jamne mellomrom på trestammar rundt vatnet. Såg eit gammalt hus i skogen som kom til syne av solskinet gjennom trea. Det same solskinet lyste ned på kvitveisen og det grøne graset. Sukk. Det der vårlyset, altså. Ein sånn tur som verkeleg gir meg energi!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke