12. apr. 2020

Påskeliste

Fyrste påskedag i ei påske eg trur me alle kjem til å hugse. Sjølv om det har vore ei annleis påske utan hytta, utan brettspel og andre sosiale akivitetar, har det (som tidlegare nemnt) vore ei veke med fleire herlege gåturar ute, me har kost oss inne på bøker og påskekrim, me har chatta med ein flott gjeng medan me har høyrt på "Påskelabyrinten" og me har hatt quiz over nettet. Med andre ord: på eit eller anna vis har det vore ei bra påske likevel. Så klart merkar eg at det heile er nokså surrealistisk og at humøret går litt opp og litt ned dag for dag. Har hatt fri heile påska, men måtte ein snartur innom jobben i går berre for å sjekke at alt stod bra til. I kveld blir det videoquiz med dei finaste jentene og i morgon er det ein siste feriedag. No er det over til sundagslista mi:

✦ gøy å lese nynorsk krim
✦ høyre blant anna Bruckners fjerde symfoni og Grieg på appen til Berliner Philharmoniker
✦ både sår og vakker tekst: "Vinden i ditt hår", den nye songen frå Tønes
✦ solnedgangen i blått, lilla og gult over naboblokka heilt i byrjinga av veka
✦ sundagstur ute på Lundsneset, og i same slengen stikke innom hagen til kjentfolk på Hundvåg
✦ tihi, dachshundkvalpar på ei sandstrand, og den fyrste dagen med berre Loulou og Coco
✦ bakverk, kaffi og "Påskelabyrinten" på radio
✦ quiz og latter over Zoom med familien
✦ gå Jåttåturen i variert landskap, blant anna gjennom ein skogsti med den grønaste mosen
✦ desse to, ein katt og ein liten fugl, fekk meg til å dra på smilebandet
✦ stikke ein tur ut til Tungenes fyr i Randaberg
✦ den knallgule blomen eg fekk av mannen min til bursdagen lyser opp stova vår
✦ bok, god kaffi, påskegul blome og eit bittelite påskeegg
✦ "Bring Him Home" med fleire av dei som tidlegare har spelt i Les Misérables
✦ høyre "Superstar" medan me sat i bilen på veg til jobben i går
✦ ramme inn ei flott bursdagsgåve
✦ og apropos musikalar: denne lista med topp ti ikoniske Lloyd Webber-songar
✦ sjå den aller siste episoden av Modern Family
✦ britisk påskekrim på NRK Nett-TV
✦ påskeegg og fleire gode krimnoveller

Legg igjen ein fin tanke