20. apr. 2020

Fyrste påskedagstur ute på Lundsneset

Etter jobben i dag, var det rett ut på balkongen. Det var ikkje meir enn tre gradar då eg sykla til jobben i dag tidleg, men utpå ettermiddagen har det vore heilt herleg å sitje ute. Kortbukse og T-skjorte, solbrillane på og ei bok i fanget. Sukk, eg håper me får fleire slike dagar, særskilt til sommaren når me likevel kjem til å måtte vere heime. No er det no i alle fall lov til å reise ein tur opp til hytta, der oppe kor ein kan senke skuldrene, berre lese og spele brettspel, la tankane fare. Nok om det akkurat no. Me lot også tankane fare då me var ute og gjekk ein liten tur i vinden førre sundag. Køyrde ut til Hundvåg og Lundsneset. Lenge sidan førre gong me var der, og sidan sist har dei laga til Kuneset park, eit nes dei har laga av tunnelmassen etter utgravinga av Ryfasttunnelen. Vinden rufsa godt i håret, men der ute er det nok kjempefint å setje seg ned på ein benk på ein varm sommardag, ta eit lite bad i sjøen, nyte sommarsola. Fine steingjerde og steinveggar, eit pynta tre og sauar med små lam (klarer du å sjå dei?!) gjorde turen endå betre. Me stakk også ein liten tur innom dei to kollegaene mine som bur ute på Hundvåg. Kjekt å helse på dei og hønene ute i hagen med alle grønsakene og anna eteleg. Set pris på slike fine folk og like fine turområde i byen.

Legg igjen ein fin tanke