Måndag og ei ny veke. Påskeveka og ferie. Som dei fleste andre, blir det heimepåske på oss i år, men med quiz og bøker, kjekke filmar og turmoglegheiter skal det bli fine dagar likevel. Måndag førre veke, altså akkurat ei veke sidan, sykla me bort til DNB Arena der me møtte broren min. Låste syklane fast i eit sykkelstativ og byrja så å spasere opp til Gosen. Me hadde nemleg sett oss ut å gå Madlamarkturen, ein av dei femtito kvardagsturane Stavanger kommune har lagt ut som forslag til gåturar i nærområdet og generelt i kommunen. Vêret var upåklageleg, turselskapet likeså. Eg såg flotte tusenfryd og krokus overalt og noko lilla lyng som lyste opp i grøftekanten.
Turen går gjennom bustadområde og små stiar, ned til Hafrsfjord, forbi Sverd i fjell og Madlaleiren til me til slutt var innom ein liten del av Stokkavannet før me kom fram til syklane våre. Kjekt å traske rundt i område me ikkje har sett før, stoppe opp og prate – på avstand – med kjentfolk som også var ute og gjekk. Var ute i to timar, og då me kom heim var det middag og sidan lesing.
Legg igjen ein fin tanke