14. apr. 2020
Dei vakraste bokstavane
Til bursdagen av mamma og pappa fekk eg denne vakre plakaten. Fontar og kalligrafi har lenge vore noko som fascinerer meg. Ikkje at eg har ei veldig fin handskrift, men opp gjennom åra har eg prøvd meg litt på kalligrafi , og framleis synest eg det er gøy å teste ut nye skrifttypar når eg lager kort, invitasjonar eller liknande. Det er kunstnaren Ingjerd Broch Oudenstad som har laga dette trykket, og ho driv blant anna med kalligrafi og slektsforsking. I brosjyren som følgde med plakaten, har ho skrive dette: "Lombardiske versaler utviklet seg i det sørlige Europa, i 13. og 14. århundre. Det karakteristiske er svakt kurvet stamme og rik dekor. De ble brukt til å pynte første bokstav i et dikt eller på en side. Ordene ved siden av er samlet etterhvert som de dukket opp fra dikt/bøker/aviser/samtaler: Ord er morsomme, forunderlige og bærer historie i seg.". Alle dei forunderlege orda, dei skarpe og flotte fargane, alle dei små detaljane. Kjøpte bileteramme med ein gong, så no er det berre om å gjere å finne den perfekte plassen til dei vakraste bokstavane.
Merkelapp
interiør og bustad
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke