Fargane ute i naturen, om sommaren, hausten, vinteren og no. No er det april og vår. Fuglane kvitrar og blomane har byrja å poppe opp overalt. Her om dagen gjekk me ein tur opp til Ullandhaug og den botaniske hagen som ligg der, rett ved den økologiske garden og universitetet. Trea og sommarblomane har ikkje fått noko særskilt farge enno, men det er fleire andre blomar som viser seg fram i flotte fargar. Og så lyktestolpen gøymd blant eføyen, nesten litt mystisk.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åååå, nå fikk jeg vårfølelse ;)
Lite snø å spore her, i alle fall ;) Vårkjensla er her for fullt! Håper de har ei god heimepåske :)
Legg igjen ein fin tanke