Genser som matchar ullpleddet. Tihi! Sennepsgult, i lag med grønt, er ein farge eg tidlegare ikkje har likt noko særskilt, men som no er ein favoritt. Fargar skaper liv, fargar gjer meg glad. Tidleg opp i dag, timane på jobb fauk av garde og sidan har eg tatt det med ro her heime med ein kopp te, bittelitt meir strikking og ei herleg bok. Og sjekk ut den søte koppen! Hugsar me kjøpte den på eit kjøpesenter i Krakow då me var der i 2011, vår fyrste utanlandstur i lag. Eit koseleg minne.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
For en herlig søt kopp ♥
Hihi, ikkje sant?! Kattar er så søte!
Legg igjen ein fin tanke