2. sep. 2018

Super leseplass og haustens fyrste dagar

Hausten er så vidt i gong, for i dag skriv me 2. september. Me har allereie ein del planar for dei neste månadane, blant anna tur til York, spele konsert med orkesteret, tur til Oslo for å sjå Phantom of the Opera, litteraturfestivalen Kapittel og så håper eg på nokre fine haustdagar der me kan gå ute i skog og mark og på spelekveldar med vener. Denne veka her har for det meste gått med til å jobbe, men det har vore kjekke dagar. Synest også me begge har vore gode på å ta fram ei god bok om kveldane, berre lese og senke skuldrene. No er det på tide å oppsummere veke 35:

✦ synest framleis at denne leseplassen på jobb er ein av dei finaste i byen
✦ liten video med filminnspelingsstadar i England som ein faktisk kan besøke
✦ finaste Mosvatnet, for eg er no ganske glad i jobbvegen min
✦ gjekk til jobb i regnet på onsdag og laga nokre grimasar – det finst jo ikkje dårlig vêr... ;)
✦ Jonna har laga ein videosnutt om hennar reise til å leve det livet ho no gjer – sjå den
✦ veit det er giftige, men raud flugesopp er no likevel fin å sjå på (haustfargar de luxe)
✦ liten sundagstur i Sørmarka i sol og haustluft
✦ altså, ei søtare geit skal du leite lenge etter
✦ krimseriane Bortgøymd og Greyzone på NRK, den fyrste walisisk, den andre svensk-dansk
✦ vakre keramikkvasar i denne nettbutikken
✦ kundar som skryt av servicen trass i ein del utfordringar med nytt system
✦ lese YA-boka Audrey ut av mørket, bra og humoristisk skrive om angst og depresjon
✦ Sveits står høgt oppe på lista over plassar eg vil besøke, denne via Rania sin blogg
✦ spele "Anthem" med orkesteret
✦ og gleder meg til konsert saman med orkesteret og Didrik Solli-Tangen sundag 30.september
✦ te i ein finfin kopp og Anne with an E på Netflix
✦ kaffi i ein Mummi-kopp
✦ hekling både om morgonen og om kvelden

Legg igjen ein fin tanke