24. sep. 2018

Flygande paraplyar, sjokoladebutikk og dei vakre lyngheiene

Ei ny veke er i gong. Tenk, måndagen er allereie over. Dei der dagane går fort, fyk av garde. Vakt både på Madla og i byen i dag, og vel heime har eg bakt kake til orkesterøvinga i morgon. Sit framleis med mange bilete som eg ønskjer å dele frå Englandsturen, men for at det ikkje skal bli så mykje om gongen, tenkjer eg å bruke hausten på å poste nokre innlegg innimellom. På det øvste biletet kan ein sjå at kameraet byrja å fuske; det hadde rett og slett fått fuktskade. Men fekk no fanga dei kule og fargerike paraplyane som hang midt i den eine gata i York. Om kvelden åt me knallgod pizza, bakt i steinomn, og colaen var jo ganske kul den også. Kjøpte ikkje med meg boksen med "chocolate library", men måtte berre ta eit lite bilete sidan den var så stilig.


I same butikk som me såg den artige sjokoladeboksen, såg me også fleire andre sjokoladetypar. Innpakkingspapiret på så mange av dei er så flotte, i alle slags fargar og mange i ein retrostil. Dei hadde også ein liten kolleksjon med Quentin Blake sine illustrasjonar frå mange av Roald Dahl sine bøker. Slike detaljar liker me. Me køyrde frå York og vidare til Goathland, Whitby og Scalby sundagsmorgon. Kameraet var då byrja å fuske så mykje at det ikkje gjekk an å ta dugelege bilete ute. I alle fall ikkje i stor grad. Stoppa likevel midt ute blant lyngheiene for å prøve å ta bilete med mobilen. Synest det gjekk ganske greitt. Og for eit landskap! Så vilt og vakker, samstundes som det er så rundt og flatt. Ikkje som i Noreg med alle dei skarpe og høge fjella rundt på alle kantar. Kjente vinden i andletet medan eg berre stod der og såg på vegen og dei gylne fargane ute på heia.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ja til Englands-innlegg utover høsten! Og illustrasjonene til Quentin Blake er så fine ^^

Silje sa...

Kjekt å høyre, då skal eg i alle fall fortsetje ;) Illustrasjonane til Quentin Blake er meir enn Roald Dahl, eg veit det, men for min del heng dei to i hop. Fine er dei no uansett ^^

Legg igjen ein fin tanke