7. sep. 2018

Nokre spørsmål om bøker og lesevanar

Senast köpta inbundna bok: sidan eg jobbar der eg jobbar (les: bibliotek), kjøper eg få bøker. Men for eit par månadar sidan tinga eg heim hekleboka Hekle 75 fargerike sekskanter. Til bryllaupsdagen fekk eg jo boka The Landscapes of Anne of Green Gables, så det er nok desse to som er dei siste bøkene eg (eller han) har kjøpt innbundne.

Senast köpta pocketbok: hamstra Agatha Christie-bøker i pocketformat i Canada (seks kroner for ei bok!), men den aller siste boka eg kjøpte i hefta utgåve er Further Chronicles of Avonlea.

Favoritgenre: eg er nokså altlesande, om ein ser bort frå sci-fi, og eg les heller ikkje så veldig mykje fantasy. Vanskeleg å seie ein absolutt favorittsjanger, men eg vendar stadig tilbake til krim når eg ønskjer å sluke ei bok.

Favoritbokhandel: kjøper få bøker, så har ingen favoritt. Men den flottaste må vere Daunt Books i London. Likte godt den me besøkte i Charlottetown ute på P.E.I. også. Og eg var eit einaste stort smil då me besøke bokbyen i Fjærland for dryge to år sidan.


Favoritbibliotek: eg kan vel ikkje seie noko anna enn Sølvberget?! Har vore innom nokre flotte bibliotek dei siste åra, og heimebiblioteket står meg nært. Så sånn sett er nok det favorittbiblioteket, men nasjonalbiblioteket i Østerrike og biblioteket i Budapest er nok dei flottaste om ein tenkjer på kor vakre dei ser ut.

Favoritplats att läsa (i hemmet): liker å lese på senga før me skal sove, men i sofaen i stova eller i godstolen på gjesterommet funker også. Har sånn sett ikkje ein spesiell plass her som er betre enn ein annan.

Favoritplats att läsa (utanför hemmet): på ein koseleg kafé. Eg har ingen stamkafé i byen, men synest det er fint på Steam midt i sentrum. Eller i ein av stolane blant alle bokhyllene på jobb.

Fem författare du alltid köper i inbundet format: som sagt så kjøper eg få bøker når eg heile vegen finn det aller meste eg treng på jobb. Men eg har kjøpt Harry Potter-bøkene i innbunde format. Dei hobby- og interiørbøkene eg har, er også av dette formatet.

Bästa lässnackset: sjokolade, enkelt og greitt.

Bästa läsdrycken: kaffi. Alltid kaffi, helst ein kaffe latte, men som regel er det vanleg, svart kaffi.

Bästa bakgrundsljudet vid läsning: filmmusikk, det vil seie instrumental filmmusikk. Elskar musikken til The Theory of Everything og til den tredje Anne of Green Gables-filmen (den med Megan Follows i hovudrolla). Høyrer også mykje på Enya og albumet Hugar av Hugar.


När på dygnet läser du helst: alltid. Om morgonen, midt på dagen, om kvelden, på senga litt før me sovnar. Så lenge eg er i lesemodus, speler det inga rolle når på døgnet det er.

Bästa bakfylleläsningen: ha, ha, er sjeldan eg er bakfull, så dette kan eg nok ikkje gi eit godt svar på. Kanskje ei litt lettlesen YA-bok eller krimbok?!

Bästa kollektivtrafikläsningen: trur ikkje eg har ein spesiell type bok eller sjanger eg les når eg tar bussen eller tog, for eg les som regel i den boka eg held på med i den augneblinken. Ofte les eg to-tre bøker om gongen slik at eg kan bytte på alt etter humøret, og når eg då skal reise kollektivt, vel eg den boka eg kjenner at eg har lyst til å lese der og då.

Lista fann eg nyleg på bloggen til Ida, men eg veit at den har vore rundt omkring på forskjellige bloggar i mange år allereie, noko som gjer det vanskeleg å vite nøyaktig kvar lista kjem frå. Men om du veit det, gi meg eit lite pip. Og sleng deg gjerne på ved å fylle ut lista sjølv på din eigen blogg :)

Legg igjen ein fin tanke