29. sep. 2018

Storslåtte ruinar i Whitby

Ruinar. Veldig vakre ruinar. Etter å ha vore i Goathland, køyrde me vidare til Whitby. Whitby er ein by ved sjøen i området North Yorkshire, ikkje veldig langt unna Scarborough. Høgdepunktet her var å få sjå ruinane etter Whitby Abbey, eit kloster som blei bygd på midten av 600-talet. Trur ikkje eg skal skrive så mykje om historia; eg kan nemleg ikkje alle detaljane, det skal eg innrømme. Men at det var fascinerande å gå rundt oppe på haugen og sjå på dette gamle kunstverket, det var det ingen tvil om. Ganske så enormt! Storslått frå alle kantar, så lekkert utsmykka og ornamentert.


Så klart måtte me ta ein liten tur innom byen før me drog vidare. Var ikkje noko spesielt me skulle, men me hadde god tid og ønska å sjå litt meir av Whitby enn berre ruinane. Byen er også ein stadane dei brukte då dei filma Heartbeat. Frå ruinane og ned til byen, gjekk me ned mange, mange trappetrinn, og dei måtte me jo gå opp igjen også ;) I mine auge trudde eg byen var mindre enn det den er, noko ein kan sjå på utsiktsbileta der ein ser alle dei raudoransje hustaka tett i tett. Me gjorde eigentleg ikkje så mykje anna enn å gå litt nede i gatene, titte innom eit par små butikkar, gå hand i hand, berre nyte det å ha ferie. På veg opp til parkeringa, stoppa me for å sjå utover havet. La særskilt godt merke til inngangen til hamna og dei to små fyrtårna, eit fint syn.

Legg igjen ein fin tanke