4. sep. 2018

Bratt togtur opp ein grøn dal

Flåmsbana. Ei av dei brattaste togreisene i verda. Trur ikkje eg skal skrive for mykje i dette innlegget, men heller la bileta tale. Men littegrann må eg jo fortelje om denne togturen. Me stod opp og åt tidleg frukost den sundagen slik at me kunne ta toget som gjekk halv ni. Den tok tjue år å bygge og opna i 1940. Bana er ei sidebane av Bergensbana, mellom Myrdal og Flåm. Det er ein høgdeforskjell på heile 865 meter mellom det høgste punktet og det lågaste punktet, altså mellom Myrdal og Flåm. Som eg skreiv i går, var me superheldige med vêret. Sol og knallblå himmel, alt det grøne i naturen skein litt ekstra og det same med fargane på hyttene rundt omkring.


Synest alltid det er like fascinerande å sitje i setet og titte ut av togvindauget. Mesteparten av reise har ei stigning på heile fem prosent, og i løpet av turen, som er dryge to mil, er det heile tjue tunnelar. Når ein tittar ut, kan ein oppdage Rallarvegen sno seg opp (eller kanskje ned) langs fjellsida. Tenk å sykle på den vegen ein gong. Bana har berre eit spor, bortsett frå på Berekvam. Om sommaren er det her toga møtest i og med at dei då går samstundes frå Flåm og frå Myrdal.


Seta er som tatt ut frå ein Wes Anderson-film. Knalloransje mot ein mørkbrun vegg, eller mørkraud alt etter auget som ser. Og så den skogsgrøne fargen på golvet. Ingen tvil om at det var stor stas å starte siste feriedagen med ein togtur som denne. Turist i vårt eige land er ei finfin greie.

Legg igjen ein fin tanke