10. sep. 2018
Noko smått på heklenåla
Pleier ofte å bla i strikke- og heklebøkene eg finn på jobb og innimellom ser eg nokre oppskrifter eg gjerne vil prøve. Å hekle bomullspads er ei av dei. Oppskrifta fann eg i boka Maritparit: Hekling for alle av Marit K. Skjong. Eg ønskjer å kutte ned på eingongsartiklar, til dømes bomullspads. Har mange nøster igjen etter å ha hekla løparen til sofabordet, så eg har no brukt det same garnet. Burde kanskje ha funne eit noko mjukare garn, men trur likevel dei kjem til å bli gode å bruke (og vil jo bruke det eg har i heimen). Skal vaske dei før eg bruker dei, men er nok ikkje så lenge igjen til eg har nok. Gøy med slike små prosjekt når ein sit under eit teppet om kvelden. Og så passar dei ypperleg oppi denne krukka som eg fann på sal då me var på Hadeland Glassverk i sommar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke