3. sep. 2018

Dame i raudt ved Kjosfossen

Kanskje byrjar de å bli lei av bilete frå bilturen vår og frå den norske naturen, men det gjer ikkje eg. Så her kjem Kjosfossen som ligg i Flåmselvi i Aurland kommune. Me såg den på turen med Flåmsbana. Toget stoppar ved fossen slik at me kan gå ut på ei platå og stirre på vatnet som renn ned langs fjellsida. Me var heldige med vêret og det var litt av eit skue med sola som etter kvart byrja å komme over toppen, som så vidt skein gjennom vatnet og ned på alt det grøne.


Lyset. Rein magi. Noko anna som også var magisk, eller i alle fall mytisk, var synet av Huldra. Ein kvinneleg skikkelse, kledd i raudt, dansa rett ved fossen medan me plutseleg høyrde musikk frå det fjerne. Okei, eg trur ikkje på tusser og troll og veit at dette er for turistane, men eg må innrømme at sjølv om det var harry, var det også kult og effektfullt. Lyset frå sola gjennom fossen, musikken, omgjevnadane, stemninga. Eit flott stopp på ein kjempefin togtur, meir om den kjem i morgon.

Legg igjen ein fin tanke