17. sep. 2018

Fyrste møte med York og Yorkshire

Seint blogginnlegg i dag, men no er det no her. Gjekk i eitt på jobben i dag med blant anna rydding og registrering av nye bøker; måndag er alltid ein travel dag. Tenkte eg skulle starte veka med dei fyrste bileta frå Englandsturen. Me reiste frå Sola til Manchester og tok toget vidare til York. Før me tok toget, måtte me ha ein liten matbit og medan han stod i kø og venta på maten, tok eg bilete av bokveggen og det fine mønsteret på golvet. Kan ikkje alle kaféar sjå slik ut?! Og så den gamle teboksen! Fin stasjonsklokke i York og eit koseleg hotellrom hos Crossways Guest House.


Sidan me kom til byen midt på dagen, hadde me god tid. Den ettermiddagen gjekk me rundt i gatene og berre tok til oss det byen hadde å by på. Er så mange kule og flotte hus i England, små og store. Gjekk forbi katedralen York Minster og katedralen er ein av dei største frå middelalderen i landet (og også Nord-Europas største katedral). Den blei bygd i 1220 av Henry III. Såg også såvidt ein del av bymuren. Er ordentleg fint å gå rundt og bli kjent med ein by i vårt eige tempo.


Kanskje inga overrasking at me stakk innom den gamle gata The Shambles. Her var det mykje artig! Dei småskeive husa, fargane på bygningane og så klart namn på butikkane som Fugde Pantry York (var det nokon som sa "fudge"?!) og The Shop That Must Not Be Named. Altså, alt som har med Harry Potter å gjere er eg littegrann svak for. Kjekt å titte i butikkane, men eg fann ikkje noko å ha med heim. Ikkje for det – eg kunne gjerne ha hatt ein liten Niffler ståande på nattbordet mitt, men det kan kanskje bli for mykje ;) Fleire gamle bygg og stilige klokker såg me også på vår veg.


Lyset om kvelden var vakkert, ordentleg septemberlys gjennom hautslauvet. Gjekk forbi butikken Heima og synest jo namnet var fint. Smilte av det, men sidan den var stengt for dagen, tok me ikkje turen inn før dagen etterpå (og der fann me noko til å ha med heim, til heimen vår, "heima"). Fann ein restaurant og åt god og frisk kyllingsalat til middag og traska etter kvart tilbake til gjestehuset

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ååå, England <3 Var i York for en del år siden (.... "en del", er vel 15 år siden nå, haha!) og husker jeg likte byen godt. Kjenner at det snart er på tide med en liten Englands-tur igjen.

Silje sa...

Etter denne turen fekk eg verkeleg lyst til å sjå meir av England. Har tidlegare berre vore i London og ein korpstur til Scarborough, så dette var noko anna, men på ein veldig god måte :) Den engelske landsbygda er jo ein draum, og eg håper eg kan utforske den meir <3

Legg igjen ein fin tanke