1. sep. 2018

Postkort frå Flåm

Laurdag. På dagen tre veker sidan me køyrde frå Sjøholt til Flåm. Då me kom fram sånn utpå ettermiddagen, eller kvelden om ein vil, var det framleis eit lite glimt av sol. Me stod heilt ute ved fjorden og såg sola skine på den grøne fjellveggen på andre sida. Eit postkort frå Flåm. Traska eit lite stykke over brua og også bort til togstasjonen. For neste dag hadde me billettar til Flåmsbana.


Hotellet me budde på heiter Flåmsbrygga. Fine rom i jordfargar (litt hyttekjensle), og eg må få seie at eg diggar arkitekturen; dei små, spisse hustaka i brunt mot det litt mer runde fjellet dekka med grøne tre. Så lite hotellet blir om ein ser det mot fjellet. Kontrastar inst i Aurlandsfjorden.


I Flåm ligg også mikrobryggeriet Ægir, og sjølv om eg ikkje liker øl, gjer han det og me tok ein svipptur innom puben i løpet av kvelden. Artig stad med stor peis midt i lokalet og dekorert med skifer og tre. Åt ein god middag i restauranten, og ein liten bit med dessert blei det heilt til slutt. Prøvde å leggje oss halvtidleg sidan me skulle ut på togtur klokka halv ni dagen etterpå.

Legg igjen ein fin tanke