14. sep. 2018

Eit magisk mysteriekammer

Veit ikkje kor mange gongar eg har lese Harry Potter-bøkene, men for ikkje så lenge sidan las eg i alle fall bok nr. to, Harry Potter og Mysteriekammeret, for ørtande gong. Las den illustrerte utgåva der illustrasjonane er laga av Jim Kay, akkurat som den fyrste. Synest desse bøkene er så ordentleg fine. Joda, store og tunge er dei, men akk så vakre. Fargebruken, streken, stemninga. Elskar biletet av Dobby (Noldus) i denne boka. Sukk. Blir glad av å ha desse magiske bøkene i bokhylla vår.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

De bøkene er så fine!

Silje sa...

Jepp! Eg har alle tre som til no er komme ut, og eg synest dei er nydelege!

Legg igjen ein fin tanke