5. sep. 2018

Nostalgi

Har du nokon gong kjent på kjensla av å stoppe tida, dra tilbake nokre år, den der kjensla av nostalgi? Eg får den kjensla innimellom, og kanskje særskilt no når det nærmar seg ti år. Ti år sidan han og eg blei saman. Nostalgi når eg tenkjer tilbake på den desemberkvelden me blei saman, den fyrste sommaren vår saman, då eg tok buss frå Kristiansund til Sjøholt for å besøke han der han vaks opp. Nostalgi når eg tenkjer på den nyttårskvelden me gjekk heim frå ei veninne då han plutseleg stoppa og sa han hadde noko viktig å seie, den kvelden han spurde om eg ville bli kona hans. Alle dei turane me har reist på og opplevd i lag, vener me har fått som par, kvardagen me har skapt saman, fyrst i Kristiansand og no her i Stavanger. Tida går fort, den fyk av garde. Veit ikkje heilt om eg liker det, i alle fall ikkje alltid. Men kjensla av nostalgi er no fin på ein måte også. Den gjer at eg stoppar opp og tenkjer på "gamle dagar" og alt det fine me har opplevd og skapt i lag. Eg er takksam for det. For å ha ein eg kan dele både gode og dårlege dagar med. For å ha ein å le med, som får meg til å le. Som elskar meg for den eg er. Snart ti år i lag med den finaste eg veit. Tenk.

Legg igjen ein fin tanke