9. sep. 2018

Haustfargar og sundagstur i Sørmarka

Førre sundag kom me oss ut og spaserte ein tur i Sørmarka. Er så herleg å ha slike turmoglegheitar rett i nærområdet. Det blei kanskje ikkje den aller lengste turen, men av og til er det nok berre det å komme seg ut, eller kva?! Allereie no er haustens fargar i full gong med å vise seg, og sjølv om eg veit at ein ikkje skal plukke eller ete flugesopp, har den ein nydeleg farge. Knallraud med dei små kvite prikkane. Ordentleg haust. Rognebærtreet med dei raudoransje bæra likeins.


Såg forskjellige sopptypar overalt. Ingen av oss er soppekspertar, me et som regel berre litt sjampinjong på pizza og liknande, så eg kan nok ikkje påstå at me var på sopptur sjølv om det kanskje ser slik ut på bileta ;) Dei er nok kule å sjå på i brunt og raudt, mange rare fasongar. Og alt det grøne i skogen. Eg har nok skrive det fleire gongar før, men det er noko eige med skogen. Lukta, lydane, fargane. Roa. Berre la tankane vandre, gå åleine eller hand i hand med ein du er glad i.

Legg igjen ein fin tanke