10. mai 2018

Små tilbakeblikk på kvardagen i Stavanger

Det blei jo inga sundagliste på sundag sidan eg var på reisefot, og difor har eg nokre bilete liggjande som eg tenkte å dele i dag. Mange av bileta som kjem med i sundagslistene, har eg ofte allereie lagt ut på Instagram, og det er slik med desse også. Men eg køyrer på med dei her på bloggen likevel :) Den gule Gudrun Sjödén-kjolen med lommer og den grøne gardiganen frå Lindex er i mine auge ein super kombo. Ein annan bra kombinasjon er kaffipause på jobb blant bøker og solstrålar. For nokre veker sidan las eg boka Mysteriet mamma av Trude Lorentzen, ei sterk, sår og godt skriven bok om ei mor som plutseleg ikkje er seg sjølv lenger, som ikkje vil meir. Diggar dei fargerike husa ein finn i Stavanger, både i nabolaget og i Fargegata midt i sentrum. Til slutt: herleg å sitje ute på balkongen med presskannekaffi og boka Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. Trur dette er ei bok ein anten liker eller ikkje, og for meg var det full klaff. Måten å skrive på, handlinga og ikkje minst Færøyene. Joda, eg er jo ute på reis for augneblinken, men kunne godt ha vore på Færøyene no i dag. Sånn akkurat no. Over og ut med tilbakeblikk på kvardagen for denne gong.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Nydelig kjole! Og: jeg er veldig fascinert over to farger på samme hus, ser alltid for meg at det bor to som har kranglet der inne og endt opp med hver sin farge!

Silje sa...

Tusen takk! :) He, he, for ein artig tanke angåande ei slikt tofarga hus :D Håper du får ei bra helg!

Legg igjen ein fin tanke