19. mai 2018

Peggy's Cove

Vanskeleg å plukke ut berre eit bilete. For me var superheldige med vêret og ute på Peggy's Cove var det vakkert. Rett og slett nydeleg. Eg har jo sett fyrtårn og svaberg før, men likevel var det storslått. Gå rundt på eit svaberg med der me innimellom måtte hoppe frå ein stor stein til ein annan. Sjå utover havet, kjenne sjølukta. Det raude og kvite fyrtårnet mot den knallblå himmelen.


Prøvde å ta ein selfie med fyrtårnet i bakgrunnen; ein kan vel trygt seie at det eine blei meir vellykka enn det andre ;) Hi, hi, synest no dei var fine begge to likevel. Peggy's Cove er ei lita bygd som ligg ved kysten, litt nord-aust for Halifax sentrum. Alle dei små, fargerike husa, så søte og idylliske. Også her ute fekk me høyre sekkepipemusikk, og den eine songen var til og med den same som ved Citadel Hill. Stod på svaberget og såg ut på sjøen, titta meir på fyrtårnet og på veg ut frå bygda, stoppa me opp fordi eg ønska å sjå nærmare på det (veldig) lilla huset og den fine kyrkja med raudt tak. Viss du plutseleg skulle vere i Nova Scotia, er Peggy's Cove ein "må-sjå-plass".

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så fint det var der! Heldig med været, altså. Og så artig med de fargerike husene ^^

Silje sa...

Og no storkoser me oss på Prince Edward Island. Er så mykje å sjå her også :D

Legg igjen ein fin tanke