3. mai 2018

Gul og veldig kul

Du er no ein raring du, Zalo. Du var plutseleg heilt i hundre då me alle tre, mamma, pappa og eg, kom inn døra samstundes på sundag. Og då me skulle ete, ville du berre sitje på hovudet til pappa, hengje opp ned sånn at du nesten var borti nasen hans. Nesten ete den same maten som oss. Etterpå sat du med oss i nesten to timar då me såg den femte filmen i Harry Potter-serien. Men du er no ikkje berre rar, du er også ein fining og ein kul type. For gult er kult, det er det ingen tvil om ;)

Legg igjen ein fin tanke