7. mai 2018

Lita helsing frå Moncton

Hei, hei frå andre sida av Atlanterhavet! No er eg vel framme i Moncton i provinsen New Brunswick. Reisen i går gjekk greitt, men eg skal ærleg innrømme at det var ein lang tur. Flyet frå Sola til Amsterdam gjekk ti over to midt på dagen i går, og eg var ikkje framme før kl. ett om natta lokal tid, det vil seie klokka seks om morgonen norsk tid. Puh. Men no er eg endeleg her. Tok ikkje mange bilete på turen i går, men fire bilete med mobilen blei det. Hadde god tid på Sola, og eg lot meg nok ein gong fascinere av "reisepoesien". Gode stolar og flott tapet såg eg også før eg gjekk om bord i flyet. Stort og blått fly frå Amsterdam til Toronto med KLM. Flyplassen i Toronto var stress der me måtte hente bagasjen, sjekke inn på ny og gå gjennom sikkerheitskontrollen sjølv om bagasjen var sjekka inn heilt fram. Lite skilting var det òg, så null bilete der; eg var berre glad då eg fann gaten min, glad og veldig sliten. Blei endå gladare då eg gjekk av flyet i (nesten) Moncton og såg at mannen min stod der og venta på meg! Så godt å sjå han igjen! I dag blir det ein roleg dag med litt vandring på campus og kanskje ein tur til butikken. Heilt greitt å ikkje lage for mange planar, for eg merkar eg framleis er litt trøtt og sliten etter dei tre flyturane i går.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så bra at reisen gikk forholdsvis greit! Håper dere koser dere masse ^^

Silje sa...

Som nemnt har det vore ein roleg dag i dag, men det trong eg etter dagen i går ;) Har traska litt rundt på campus, tatt ein kaffi på ein koseleg kafé og eigentleg ikkje gjort så mykje meir. Kjekt med ferie, har ingenting å seie på det ^^

Legg igjen ein fin tanke