21. mai 2018

Shediac, Confederation Bridge og Victoria-by-the-sea

Også denne helga har me vore ute på tur. Reiser ikkje tilbake til Moncton før i morgon, og det er godt å ha god tid. For her ute på Prince Edward Island er det så fint og mykje å oppleve. Då me drog frå Moncton på laurdag, fiksa me det slik at me kunne høyre på musikk frå den eine mobilen over til bilens høgtalar. Den fyrste songen blei "Togsang" av Moddi. På vegen over til øya, stakk me innom den søte, lille byen Shediac i New Burnswick for å møte verdas største hummar og for å nyte strand- og sjølukt. Vind i håret og den bølgete sanden, akkurat som å vere på Solastranda heime.


Prince Edward Island fekk brua som ein kan køyre over i 1997, og det er med det difor berre dryge tjue år sidan dei fekk fastlandstilkobling. Før den tid måtte ein ta ferje over (det kan ein enno, over til Nova Scotia og til nokre småøyer). Confederation Bridge er 12,9 km og 60 meter over havet på det høgste, noko du kan sjå på det eine biletet der ein plutseleg ser ei stor stigning. Me stoppa rett før brua for å titte på den og ta nokre bilete. Det er nemleg laga til ein ypperleg stoppeplass for oss turistar ;) Brua forsvinn nesten ut i ingenting. Majestetisk, storslått, mektig og vakkert. Øya står for ca. 25% av potetavlinga i Canada, og overalt ser ein store marker og raudbrun jord.


Me skulle overnatte i Charlottetown den fyrste natta, det er største byen på øya. Måtte ha lunsj ein plass før me kom så langt, og då stoppa me i kommunen Victoria-by-the-sea. God lunsj på Landmark Café med eit måleri av kaféen og all slags rare antikvitetar og snurrepiperiar. Vêret var på topp og alle dei fargerika husa strålte om kapp med sola. Overalt på øya finn ein slike fyrtårn som det me besøkte i Peggy's Cove. Den i Victoria var særskilt vakker blant ei lita eng med blomar. Meir raud jord og fleire fargerike hus. Nokon flagga med det britiske flagget, og kven veit – kanskje var det i høve det kongelege bryllaupet?! Ein artig, liten avstikkar på vel til ein mykje større by.

Legg igjen ein fin tanke