15. mai 2018

Køyretur til ein ny provins og ein fin hage


I helga var me som nemnt ein tur til provinsen Nova Scotia. Me leigde ein bil og køyrde ut etter frukosten laurdag morgon. Køyreturen inn til houvdstaden i provinsen, byen Halifax, tok omtrent tre timar. Lange og store vegar og mykje skog. Mykje av vegen var også veldig flat, "flatare enn Jæren" som broren min sa då han såg det eine biletet ;) På vegen stoppa me ved turistsenteret, men det var stengt. Fekk no eit bilete av velkomstskiltet om ikkje anna. Måtte også ha ein kaffi og ein matbit, og då blei det eit stopp på Tim Hortons. Me var vel ikkje heilt overbevist, men det var no mat og kaffi, mao. betre enn ingenting, så kan ikkje klage på det. Ikkje enkelt å ta bilete gjennom bilvindauget, men gjorde no eit forsøk då me køyrde over ei bru, ikkje langt frå sjølve byen.


Vel framme i Halifax, sette me frå oss bilen ved B&B-en der me skulle bu (innsjekkinga var ikkje før tre) og traska litt rundt i nærområdet. Biblioteket blei besøkt og me fann den offentlege hagen. Ein herleg grøn oase i sentrum. Tulipanar i vakre fargar, eit minihus ved ei minielv, tre som blomar og ein vakker paviljong. Hadde vinden blåst litt mindre, hadde me vore der ei stund med kvar vår bok.

Legg igjen ein fin tanke