17. mai 2018
Viftar med flagget og roper høgt "hurra" 🇳🇴
Ingen bunad i år, ikkje korps eller kransekake. Det er fyrste gong eg ikkje har på meg bunaden på 17.mai på ni år og førre gong eg var utanlands var eg vel eitt år. Men, men, me feirar likevel nasjonaldagen i Noregs flotte fargar. Ja, for du ser vel at eg har raude og kvite klede og blå brosje, sko og øyredobbar?! :) Utpå dagen blir det ein god lunsj på kafé før me skal ete middag hos professoren som er mentoren til mannen min her ved universitetet i Moncton. Heime hos han og kona og det blir ei grei avslutning på dagen. Hipp, hipp hurra for 17. mai, også her i Canada!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke